Pasienter behandlet i utlandet, - dobbelt bokholderi?

Bør pasienter behandlet i utlandet registreres i PAS? Tohild Heggestad har synspunkter på dette

I samband med innføring av individuelle behandlingsfristar for pasientar med rett til nødvendig helsehjelp, vil pasientar med fristbrot få eit subsidiært tilbod frå eit anna sjukehus, eventuelt frå utlandet. Det er då sagt at HENVISANDE sjukehus skal registrera pasientbehandlinga i sitt PAS-system (diagnosar, prosedyrar, datoar for innlegging, utskriving mm). Dette er ikkje uproblematisk, fordi aktivitetsdata då vil inkludera pasientar som ikkje er behandla ved sjukehuset. Aktivitetsoversiktene vil dermed ikkje bli korrekte, eller så må ein kunne selektera ut desse pasientane eintydig. Er dette mogeleg med dei kodane som fins i NPR-uttrekket i dag, eller vil dei ikkje la seg skilje frå pasientar som er behandla og overført/vidaresendt tilbake til heimlandet? Har nokon oversikt? Ei betre løysing må vera å ha separate registrerings-/oppgjerssystem for desse pasientane? Torhild Heggestad